Dictyostelium discoideum | |
Dictyostelium discoideum | |
Systematikk | |
Rekkje: | Amoebozoa |
Klasse: | Dictyostelia |
Orden: | Dictyosteliida |
Familie: | Dictyosteliidae |
Slekt: | Dictyostelium |
Art: | D. discoideum |
Vitskapleg namn | |
Dictyostelium discoideum |
Dictyostelium discoideum er ein sosial amøbe som lever i jorda, der han et bakteriar og gjærsoppar gjennom fagocytose. Han har vore nytta som ein modellorganisme sidan 1960-åra.[1]
D. discoideum har ei usamanhengande utbreiing. Amøben finst i Amerika, Japan, India–Pakistan og Nepal, men ikkje i Europa.[2]
Når individ av D. discoideum svelt går dei saman og dannar fruktlekamar sette saman av opp til 100 000 individ. Dei finn saman gjennom utslepp av cAMP og kjemotaksis.[3] D. discoideum har G-protein-kopla reseptorar i sellemembranen som gjer at dei kan føla cAMP-gradienten og gå mot høgre cAMP-konsentrasjon.[4] Tidleg i danninga av fruktlekamen vil individa differensiera seg til to hovudtypar av seller.[5]
D. discoideum fekk genomet sitt ferdig sekvensert i 2005. Det har ein storleik på kring 34 megabasepar fordelte på seks kromosom, og er rekna å ha over 13 000 sekvensar som kodar for protein. Mitokondria har eit genom på kring 55 kilobasepar.[6]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Muñoz-Braceras2013
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Cavender2013
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Li2011
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Jowhar2013
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Fukuzawa2011
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Glöckner2013